Mål nådd

Løp for meg - Garmo

Innsamlet

23,400
234% oppnådd totalt av kr 10,000

Vi arrangerer "Løp for meg" til inntekt for Barnekreftforeningen i Garmo 3. september kl. 12.00. Det blir tre ulike løyper, slik at alle kan delta. Ein kan gå, gågge eller springe.

Startkontigent 150 kroner. 

Start og mål ved Garmo barnehage.

Løypetrase for vaksne, ungdom og store ungar blir som følgjande:

  • Start i ljosløypa ovanfor Garmo barnehage.
  • Spring gamle ljosløypa ovanfor barnehagen og ned ved sidan av den gamle barnehagen.
  • Ned til R15 og gangvegen ned mot Frisvoll.
  • Inn Kollavegen mot boligfeltet.
  • Opp Kolbottvegen.
  • Inn til venstre på Torestuguvegen.
  • Held fram inn på gangvegen, forbi lavvoen og attende til barnehagen.

Dette er 2,5 km.

Vaksne spring to rundar. Ungdom/store ungar vel sjølve om dei tek ei eller to rundar.

Dette blir og runda for dei som vel å gå og ikkje springe. Runda kan fint gåast med barnevogn, men da startar ein på skuleplassen. 

Mindre ungar spring valfri antal rundar rundt barnehagen.

Dei aller minste får ei runde eller fleire på fotballbanen. 

Medaljar til alle!