Klenkarberget Sommarcamp arrangerer for sjette gong "Løp for meg", der alle inntekter går til Barnekreftforeningen.
Laurdag 16. september kl. 10.00.
Vi prøvar ei ny løype i år, med løp gjennom Eidsgata, der ein kan springe eller gå. Oppmøte frå kl. 09.30 i sørenden. Start på løpet kl. 10.00. Målgang i området ved Eid kyrkje.
Ved Kyrkjetunet blir det premieutdeling og enkle aktivitetar for barna. Det blir kiosk, blant anna med varer frå Bakehuset Tunold. Det blir loddsal med premiar frå Alti, Chatlet, China Restaurant Chen, Hamna, Hildenes Gartneri, Kiwi, Klenkarberget Sommarcamp, Nord Frisør og Operahuset Nordfjord.
Påmelding er på kr. 150 og inkluderer startnummer, panneband og premie. Vi har også igjen t-skjorter frå tidlegare år, som vi deler ut til dei deltakarane som ønskjer, so lenge det rekk.
Private og næringslivet kan også på denne sida støtte innsamlinga, utan å delta på løpsdagen.
Betaling på arrangementet med Vipps. Vi tar og i mot kontantar, men har ikkje vekslepengar.